mandag 17. juni 2013

Wegner

Ein av prestane i Torvastad var Wegner, som til biskop Wegner i Stavanger. Me skal ta med litt av slekta hans her:



WEGNER-SLEKTA.


Av Nils Dybdal-Holthe.


Denne slektssoga er bygt opp på generasjonar, frå den eldste i slekta (1. generasjon) til dei yngste som er med. Talkoden for kvart namn skal ein skjøna slik: Først tal er fortløpande nummer på alle i slekta som er med her. Det andre talet er foreldra sitt nummer, og det siste er den generasjon hovudpersonen tilhøyrer.

1. generasjon.

1.0.1. Thomas Cortson Wegner f. 23. april 1588 i Lund i Skåne d. 13. des. 1654. Foreldra hans var Cort Wegner og Eline Thomasdt i Skåne. Me veit ikkje noko om kven dei var eller om deira ættefedre. Rigsarkiver i København har ikkje noko om dei.[1] Ein trur ikkje biskopen sin far var embetsmann. Kanskje han heller var handverkar eller var av handverkarslekt. Namnet er tysk og kan tyda vognmann eller vognmakar. Greiner av slekta etter biskop Wgner skal me ta fram her.
G 1.
G 2. Anna Christensdt Trane f. 1611 i Stavanger d. 1694 s.st. Hennar foreldre var Christen Christensen Trane, borgar i Stavanger g. 1607 med Anna Jensdt. Kong Christian IV var i brylluppet deira. Foreldra til Christen var fogd i Ryfylke Christen Christensen Trane f. 1533 d. 1600 gm Magdalene Nilsdt, kanskje dotter til lagmann Nils Jensen Simbling i Stavanger av Losna-ætta. Far til fogden var Christen Trane frå Viborg.
Dei hadde 12 born, her er to av dei med: nr. 2 Thomas, 3. Anna.


Olaf Kolsrud hadde ein artikkel om biskopen i festsskriftet "Stavanger1125-1425-1925", som er teke med her i uttdrag:

"I 1627 utnevnte kongen til superintendent i Stavanger mester Thomas Cortssøn Wegner, en skåning, født i Lund 1588.Han hadde vært hører ved skolen i Sorø, ble 1611 kapellan ved Vår Frue

----

2. generasjon.

2.1.2  A) Sonen Thomas T. Wegner II

f. 1631 d. 1688 gm Anna Lauritsdt Galtung på Torsnes i Hardanger f. 1640 d. ca. 1666. To born er nemnde her: 4. Thomas, 5. Elisabeth. Han gifte seg om att med Anna Willumsdt Gudager d. på Sæbø 1692. Dei hadde ikkje born. Han var prest i Torvastad 1670-1688.

3.1.2. B) Dottera Anna

f. 1639 d. 1706 gm Bjørn  Christensen Løw d. 1693, sokneprest i Rennesøy 1670-1691. Han hadd truleg først vore kapellan i bygda, og har i alle høve ført kyrkjeboka frå 1668.
7 born: 6. Thomas, 7. Anna, 8. Elisabeth, 9. Bjørn, 10. Elen, 11. Ingeborg, 12. Metta.

3. generasjon.

Borna etter Thomas Wegner og Anna (A). Dei vart begge gift inn i store og kjende slekter.:

4.2.3. Thomas Wegner III

f. ca. 1655 d. 1697, budde på Grønningen bruk 1. Han var også klokkar i Torvastad. G. 1690 m. Marita Knutsdt Hinderaker levde i 1697 med fire born. Ho gifte seg om att året etter med Tore Jonsen Lande f. ca. 1670 d. ca. 1710, og fekk tre gutar med han. Dei budde og på Grønningen. I fjerde gen. tek med berre med dei 4 borna etter Thomas. Det var bestemor til Marita, Turid Johannesdt Litlasund, som i 1680 vart skulda for trolldom. Tormod Torfæus forsvara henne og berga henne frå dødsdom på bålet. Han vart gift i denne slekta, nedafor. Born: 13. Lars, 14. Thomas d.e.,  15. Thomas d.y., 16. Anna.

5.2.3. Elisabet

gm Jørgen Nilsen Sæbø f. ca. 1673 d. ca. 1700, budde på bruk 1. Han var son til Nils Ivarsen på Grønningen f. ca. 1645 truleg i Egersund d. 27/3 1723. Han var son til Ivar Nilsen Lem i Lista len og kona Anna Hansdt. Ivar var forvaltar på Utstein kloster og son til  Nils Pedersen, fut i Brunla len og ein stor jordegodssamlar. Anna var dotter til Hans Jensen Feda på Lista og kona Susanna Danielsdt. Då Anna vart enkje gifte ho seg om att med Tormod Torfæus frå Island - kongeleg historiograf og budde på Stangaland ved Kopervik. Nils Ivarsen på Grønningen gifte seg med Birgitta Jørgensdt som me ikkje veit noko om. Born: 17. Thomas og 18. Johannes.

Borna etter Anna og Bjørn Løw: (B)

6.3.3. Thomas Bjørnsen Løw

f. 1660 d. 1737 - sokneprest i Rennesøy etter faren 1691-1737, g. i Bergen 5. juni 1695 med Marie Jakobsdt f. 1676, dotter til overtollbetjent Jakob Clausen og kona Else Nilsdt Harboe. Barnlause.

7.3.3. Anna Bjørnsdt

gm gm sokneprest Jørgen Johannesen Friis i Suldal. Barnlause.

8.3.3. Elisabeth Bjørnsdt

gm 1) Peter Frøchen i Bergen; gm 2) Anders Heiberg, Bergen.

9.3.3 Bjørn Bjørnsen

var skipper i Bergen og tok borgarskap 1695.

10.3.3. Elen Bjørnsdt

gm  1) Ingebret Hansen; gm 2) Mathias Bjørnsen.

11.3.3. Ingeborg Bjørnsdt

f. 1661 d. 1729 g 1689 m Jon Larsen Austbø, Rennesøy, bonde og lensmann, f. 1658 d. 1716. Han var son til Lars Torsen Austbø og kona Lisbeth Jonsdt. Born: 30. Anna f. 1690, 31. Elisabeth f. 1692, 32. Bjørn f. 1694, 33. Lars f. 1700.

12.3.3. Mette Bjørnsdt

f. 1672 d. 1746 g. 1697 m. Lars Larsen Austbø, Rennesøy, f. 1664 d. 1745 i Bru. Han var bror til lensmann Jon Larsen ovf, gm Mette si søster. Mette og Lars budde i Bru, og H. Vetrhus fortel korleis det gjekk til:[2] Heile Bru låg til bispestolen, men på søknad frå  biskop Wegner gav kong Christian IV den garden til bispedøtrene Anna og Cecilie mot årleg avgift til bispestolen. Bjørn Christensen Løw, som var gift med Anna, og Jon Rasmussen, prest i Strand, som var gift med Cecilie, er i 1664 oppførde som brukarar av kvar sin halvpart av Bru. I 1662 hadde desse to prestane gode menn til å dela garden mellom dei i to like deler. Dei hadde kvar sine tenarar til å stå for drifta den første tida. Men kring 1700 sette Strand-presten sonen Michael Rose på sin part, og Lars og Mette Austbø tok over den andre parten. Og ætta etter desse har så halde seg der til denne dag. Mette og Lars hadde 8 born: 34. Bjørn, 35. Lars, 36. Thomas, 37. Elisabeth, 38. Mette, 39. Anna, 40. Berta, 41. Signi.


4. generasjon


13.4.4. Lars Thomasen Wegner

f. ca. 1693 gravlagd 22. jan. 1765 gm Kirsten Trulsdt Brekke, Torvastad, f. 1688. Han vart gift til Brekke og budde her på Torvastadgarden bruk 1. Kirsten var dotter til Truls Klaussen Brekke og Anna Bårdsdt frå Nordbø. Dei hadde berre henne, men hadde fostersonen Bård Knutsen. Dei budde truleg først på Grønningen, t.d. i 1734, men var komen til Torvastad før 1744. Lars vart ein velhalden mann og åtte fleire gardpartar.  (s. 192.)
5 born: 50. Klaus, 51. Anna, 52. Margreta, 53. Thomas, 54. Truls.

14.4.4. Thomas Thomasen Wegner d.e. IV

f. ca. 1696 gm Helga Gudmundsdt frå Skjervheim i Vats og budde der. Ho er f. ca. 1691 d. 1772. Vatsboka s. 579. Det var skifte etter begge 2/7 1772, og dei hadde ikkje born. Me finn dei på Skjervheim t.d. i 1758. Men dei hadde fått kår av neste brukar alt i 1755. Helga levde ei stund etter mannen var død og ga bort ein part i Skjervheim til ei søsterdotter i juni 1772.

15.4.4. Thomas Thomasen Wegner d.y V,

f. 1698. Me kjenner ikkje noko til han.

16.4.4. Anna Thomasdt Wegner

f. ca. 1690 d. 1760 g. 1711 m. Lars Torbjørnsen Alsaker i Hardanger f. 1683 d. 1737. Dei budde i Alsaker og det er stor slekt etter dei i Hardanger og Ryfylke. Dei budde på bruk 1 på Ytre Alsåker, og åtte halve bruket som han eller faren, Torbjørn Sveinsen, hadde kjøpt av kolkkar Th. Wegner som vart verfar hans. Lars fekk så resten av garden som arv ved kona, etter skøyte 29/11 1719. I 1723 fødde dei 2 hestar 23 kyr, 8 ungfe og 30 sauer på garden. På denne garden har ein funne fleire gravrøyser. Garden er nemnd i skifte etter Guttorm Norheim i 1306, og har truleg gått i arv til Laurits Galte på Torsnes. Versonen Thomas Wegner i Torvastad har truleg fått han frå Torsnes. Det er ikkje klårlagt korleis og kvifor Lars fekk kjøpa garden - dersom det ikkje heng saman med hans truloving med Anna. Anna sat lenge som husbond på garden etter at Lars var død.
Dei hadde 7 born: 60. Tomas, 61. Torbjørn, 62. Svein, 63. Håvard, 64. Marita, 65. Sigrid, 66. Margreta.

17.5.4 Thomas Jørgensen Sæbø 

f. ca. 1693 gravlagd 30/12 1753 i Haugesund under koret i den gamle Skårekyrkja. Han var skipper.


18.5.4. Johannes Jørgensen Galtung  

f. ca. 1695 gravlagd 13/3 1763 gm Anna Olsdt Feøy f. ca. 1705 gravl. 19/4 1764. Ho var dotter til Ola Jonsen Feøy. I 1723  brukte Johannes heile Sæbøgarden, 33 spann korn,  med "en underliggende holme". Garden var "lettvunden", og dei sådde  7 tønner og hausta 31 tønne korn. Då fødde dei 2 hestyar, 10 kyr og 4 sauer. Seinare flytte dei til Feøy.
20/5 1720 fekk Johannes  skøyte på 8 spann korn i Feøy av  av svogeren Anders Stær. Kona til Anders hadde arva det etter foreldra. Johannes gav 33 rd. 1 ort og 8 sk. for bruket. Først 7/3 1742 fekk han tinglese skøyta. Anders Stær var lensmann i Skåre skipreide 1747-1769. Av eit sjømilitært manntal frå 1734 ser me at han var fødd i Danmark, gift og busett på Hasseløy og 32 år gamal. Han hadde "faret i ungdommen opp fra Købehafn, paa Island, og er for tiden hjemme". Johannes Galtung er i same manntalet ført opp slik: "Johannes Jørgensen Sæbø, fød i Torvestad sogn, gift og boer paa Feøen, 39 aar gamel, bruger 1 løb, er lots, faret fra Købehavn i handelsfart i 12 aar."
  Ti år seinare hadde han ei eiga på 200 rd, m.a. 5 1/2 vett korn i Sæbø til 55 rd, 16 spann korn i Feøy til 25 rd 5 ort, 1/2 lodd gull til 4 rd, 50 rd i kontantar og 28 rd i utlånte pengar. Han var med andre ord ein halden mann.
  På denne tida var Feøy delt opp i tri partar. Difor er det rimeleg å tru at Anna fekk ein part, Helvig gm A. Stær ein og Kirsten Jensdt gm Ola Jonsen Sæbø fekk den tredje praten. I alt vart det 24 spann korn. Kirsten sin tredjepart er kalla "børnegods" på 8 spann som Ola Jonsen makeskifte i 1752 til Johannes mot å få 8 spann i Sæbø. Slik vart Johannes eigar av heile Feøy. Ola  fekk då Johannes sin gard på Sæbø.
  I 1727 stemnerJohannes bonden Ola Helgesen Vikingstad fordi han hadde rive lyng på Feøy utan lov. Johannes vann saka og Ola vart dømd til å betala 2 spann korn årleg for å riba lyng på Feøy. Sakskostnader laut han og betala.
Born: 70. Thomas, 71. Olav, 72. Elisabeth, 73. Maren Bugge, 74. Anna, 75.  Mette Kristina, 76. Berta Kristina.

30.11.4. Anna Jonsdt Austbø  f. 1690 d. 1758 i Asmarvik, g. 1710 m. Nils Hansen Asmarvik f. 1674, son til Hans Nilsen Bø f. 1635 på Hummervoll. Nils og Anna budde på Asmarvik i Sørbø sokn i Rennesøy.

Born: 80. Ingeborg, 81. Jon, 82. Anna, 83. Hans.

31.11.4. Elisabeth Jonsdt Austbø

f. 1692 d. 1767, g. 1712 m. Einar Samuelsen Håvarstein f. 1678 d. 1769. Einar tok over halve farsgarden før han var gift, og dei budde på Håvarstein i Hauske sokn i Rennesøy.
Born: 84. Ingeborg, 85. Anna, 86. Jon, 87. Samuel, 88. Lisbeth, 89. Siri.

32.11.4. Bjørn Jonsen Austbø

f. 1694 d. 1772, g. 1718 m. Berta Nilsdt Kaltveit f. 1700 i Randveteigen i Årdal i Ryfylke. Ho er dotter til Nils Nilsen på Østhus f. 1653 gm Marta Reiarsdt N. Mæle, Årdal f. 1662. Berre Berta er kjend som deira barn. Nils og Marta budde på Østhus og Randveteigen. - Bjørn og Berta budde først på Austbø, deretter påKaltveit frå ikr. 1727, men kom seinare attende til Austbø. Dei gav gåvebrev på garden til dottera Ingeborg i 1748.
Born: 90. Marta f. 1719, 91. Ingeborg f. 1720, 92. Nils f. 11723, 93. Jon f. 1727, 94. Tomas f. 1729.

33.11.4. Lars Jonsen Austbø

f. 1700 f. 1750,  g. 1721 m. Karen Eriksdt. Sørbø f. 1702 d. 1777. Ho var dotter til Erik Sjovatsen Sørbø f. 1678 på Byre gm Guro Gunnarsdt frå Li i Riska f. 1680. Lars og Karen brukte Austbø på Rennesøy og fekk til slutt heile garden. I 1729 skøyter Nils Asmervik og Einar Håvarstein (mennene til Lars sine to søstre) konene sine arvepartar over på Lars.
Born: 95. Erik, 96. Ingeborg, 97. Elisabeth, 98. n.n. død ung.

34. 12.4. Bjørn Larsen Bru/Vik

f. 1698 i Bru d. 1780, g. 1) 1719 m. enkje Gunhild Jakobsdt f. på Voll på Sørbø d. ca. 1745. Ho var dotter til Jakob Jakobsen Voll f. 1650 gm Berit Laurits dt f. Hodne. Gunhild var først g.m. Daniel Mortensen Vik i Rennesøy. Bjørn gifte seg med enkja hans, og vart såleis gift til garden Vik i Hauskje sokn. - I 1746 gifte Bjørn seg om att med Anna Nilsdt Asmervik f. 1720 d. 1792 (nr. 82). Han var søskenbarn til Anna si mor - som og heitte Anna.[3]
Bjørn og Anna sine born: 100. Gunhild 1748, 101. Lars 1751.

35.12.4. Lars Larsen Bru

f. 1699 d. 1765, g. 1738 m. Ingeborg Trulsdt Finnestad i Frue sokn (Hetland) f. 1720 d. 1791. Ho er dotter til Truls Endresen Finnestad f. 1676 gm Berta Olsdt f. Tjelta. Lars og Ingeborg brukte fjerdeparten av Bru.
Born: 105. Lars, 106. Metta, 107. Berit, 108. Truls, 109. Tomas, 110. Anna, 111. Ingeborg, 112. Ole.

36.12.4. Thomas Larsen Bru

f. 1701 d. 1766, g. 1744 m. Helga Trulsdt Finnestad f. 1712, søster til Ingeborg ovaf. nr. 35. Dei brukte også ein fjerdepart av Bru.
Born: 115. Metta, 116. Lars, 117. Berta, 118. Truls, 119. Tomas, 120. Ole.

37.12.4. Elisabeth Larsdt Bru

f. 1704 d. 1776, g. 1730 m. Jørgen Jørgensen Sørbø f. 1701 på Vaula på Mosterøy d. 1789. Dei var søskenborn. Jørgen var son til Jørgen Danielsen Vaula av Hoffmannsætta f. 1670 gm Malene Larsdt Austbø. Far til Elisabeth og mor til Jørgen var søsken frå Austbø. - Presten Thomas Løw åtte og brukte jordegods i Sørbø, og dette tok Jørgen og kona over.
Born: 125. Lars, 126. Malena, 127. Jørgen, 128. Metta, 129. Tomas.

38.12.4. Metta Larsdt Bru

f. 1707 d. 1770, g. 1732 m. lensmann og bonde Jakob Jørgensen Vaula, bror til Jørgen ovafor (37), f. 1698 d. 1757. Dei var då også søskenborn og brukte halve Vaula.
Born: 130. Malena, 131. Metta, 132. Jørgen, 133. Lars, 134. Vibekke, 135. Daniel.

39.12.4. Anna Larsdt Bru

f. 1697 d. før 1758, g. 1717 m Reiar Reiarsen Berge i Finnøy f. 1685. Dei budde
Born: 136. Reidar, 137. Malena, 138. Metta, 139. Lisbeth, 140. Anna.

40.12.4. Berta Larsdt Bru

f. 1711 d. 1789, g. 1733 m. Morten Andersen Voll i Sørbø, f. 1711 d. 1780. Han er son til Anders Jakobsen Voll f. 1682 gm Metta Mortensdt Vik. Dei budde på Voll.
Born: 145. Berte, 146. Metta, 147. Anders, 148. Lars, 149. Berit, 150. Anders, 151, Anna.

41.12.4. Signi  Larsdt Bru

f. 1713 d. 1795, g.m. Daniel Danielsen Lunde på Åmøy. Dei budde på Lunde, og det var skifte etter han 16. jan. 1775.
Born: 155. Daniel, 156. Lars, 157. Metta, 158. Vibekke.

5. generasjon.


50.13.5. Klaus Larssen Wegner

f. ca. 1720- d. ca. 1757, g. 1751 m. Malena Larsdt Snik f. 1727 d. 1806. Ho er dotter til Lars Gabrielsen Snik og kona Sofie Knutsdt frå Tuastad. Klaus tok truleg over 42 spann korn jord som han brukte her på Brekke, Torvestad. 20. mai 1757 skifte han bruket i to like delar slik at sonen Klaus fekk det seinare bruk nr. 1 med 21 spann og sonen Lars bruk nr. 2 som var like stort.
Born: 160. Lars 1752, 161. Sofie 1754, 162. Klaus 1756. (s. 193).

51.13.5. Anna Larsdt Wegner

f. ca. 1722 d. 1808, g. 1749 m. Johannes Olsen Håland i Torvastad f. ca. 1716 d. 1805. Han er kanskje son til  førre brukar på Håland bruk 4: Olav Eriksen f. ca. 1688. Johannes var brukar på Skjølingstad bruk 1 før han tok over på Håland.Tomas Wegner Grønningen åtte dette bruket på Håland og var farbror til Anna Larsdt. Tomas let dei bygslag bruket ei tid, men fekk skøyte på 18 spann korn i 1773.
Born: 165. Karen ca. 1752, 166. Tomas 1757 d.s.å. (s. 390).


52.13.5. Margrete Larsdt Wegner

f. ca. 1726 g.m. klokkar Jon Knutsen Bø bruk 9. Han er nemnd på bruk 6 Ekrene i 1745 og brukte dette og 3 spanbn av farsjorda, i alt 15 spann korn. I 1762 fekk han så skøyte på 21 spann frå broren Hans og fleire. Då sonen tok over bruket på Bø, flytte Jon og Margrete til farsgarden hennar på Grønningen.
Born: 170. Berta, 171. Knut 1752, 172. Kirsten 1757, 173. Klaus 1760, 174. Lars Wegner 1766, 175. Jon 1767. (s. 661).

53.13.5. Tomas Larsen Wegner

f. ca. 1730 d. 1798, g. 1776 m. Marta Kristina Kristensdt Moksheim f. ca. 1750 d. 1816. Ho er dotter til Kristen Matiasen Moksheim og kona Marta Larsdt. Segna seier at då Marta Kristina vart døypt, var det slikt uver at dei på kyrkjevegen laut ta inn til Tomas Nordbø som var ungkar. Han sa då: "Denne småjenta skal bli kona mi." Og slik vart det. Ikring 1745 er Tomas kanskje innsett som brukar etter Tomas Wegner Tomassen som reiste til garden Skjervheim i Vats. Vatsboka s. 579. Heile Nordbøgarden var Halsnøy kloster-gods og kammerråd Peder Valentinsen kjøpte heile klostergodset i 1746, og i 1761 fekk Tomas skøyte på heile Nordbø - 1 pund korn skyld for 400 rd. av han. (s. 606.)
Born: 176. Tomas Wegner f. og d. 177.., 177. Kirsten f. 1778 d. 1798, 178. Marta Lisbet f. 1779 d. 1798, 179. Tomas Wegner f. 1781, 180. Kristen Skåne f. 1784 d. 1798, 181. Astrid f. 1786, 182. Lars Wegner f. 1788, 183. Margrete Elisabet Wegner f. 1790.

54.13.5. Truls Larsen Wegner

f. ca. 1732 d. 1762. Han budde truleg heime hjå foreldra og vart berre ikr. 30 år. I 1761 kom Truls Brekke på tinget med melding frå faren Lars Wenger at at han rekna seg som odelsmann til garden Søre Våge i Avaldsnes. Den  var på 21 spann korn. Han ville løysa inn dette bruket og bu og bruka det. Lars Sjursen si\om då brukte eigedomen, nekta dette og ville med tida prova at han hadde rett. Både Truls og foreldra døydde kort tid etter.

60.16.5. Tomas Larsen Alsaker

f. 1712 d. 1772, g. 1751 m. Sigrid Nilsdt Valland f. 1725 d. 1782 frå Kvam. Tomas fekk skøyte på halve bruk 1 på Alsåker i 1753 og resten i 1762 då mora var død.
Born: 185.Lars 1753, 186.Torbjørn 1755, 187.Nils 1758, 188.Torbjørn d.y. 1763. (s. 486).

61.16.5. Torbjørn Larsen Alsaker

f. 1714 d. 1754, g. 1741 m. Brita Jakobsdt Ernes f. 1717 d. 1792. Brita gifte seg om att i 1755 med Knut Larsen og fekk to born med han. Dei er slik ikkje av Wegnerætta og skal ikkje vera med her. Mor til Torbjørn, Anna Wegner, åtte dette bruket på Lote, seinare bruk 15. Baroniet i Rosendal åtte 9 mark smør. Han fekk så skøyte av mora og overtok garden i 1743. Me har før sett at også Alsaker var Wegnergods.
Born: 190.Anna 1742, 191.Lars 1744, 192.Marita 1747, 193.Jakob 1750, 194.Johanna 1752.

62.16.5. Svein Larsen Alsaker

f. 1719 d. 1789, g. 1751 m. Synneva Larsdt Trones f. 1718 d. 1787. Han tok over bruk 16 på Lote ikr. 1752 og fekk skøyte 1756. Dei som hadde hatt bruket før, var nå døde. Torger Vines og Baroniet åtte garden før.
Born: 195.Lars 1753, 196.Anna 1759. (s. 424)

63.16.5. Håvard Larsen Alsaker

f. 1721 d. 1798, g. 1747 m. Anna Jakobsdt Ernes f. 1719 d. 1792. Håvard åtte noko av bruk 3 på Lote ved skiftet etter faren i 1737 og fekk skøyte av mora ti år etter då han gifte seg. Og i 1759 fekk han kongeskøyte på den parten som Halsnøy Kloster åtte.
Born: 199.Anna 1748, 200.Sigrid 1750, 201.Brita 1756, 202.Margreta 1762, 203.Marita 1763. (s. 400)

64.16.5. Marita Larsdt Alsaker

f. 1723 d. 1800, g.1753 m. Endre Oddmundsen (Åmundsen) Ytre Kvalvik f. 1725 d. 1814. Han fekk skøyte på bruk 2 på Y. Kvalvik av faren i 1751 - på ½  løp smør, ½  hud.
Born: 205.Helge 1754, 206.Anna 1757, 207.Åmund 1762, 208.Lars 1767, 209.Ola 1772. (s. 521)

65.16.5. Sigrid Larsdt Alsaker

f. 1727 d.  g.1) 1758 m. Helge Sjursen Lote bruk 1 pl.1?,d. 1763; g. 2) 1764 m. Aslak Ivarsen Tveit, Vikøy.
(s. 394)

66.16.5. Margreta Larsdt Alsaker

f. 1731 g. 176o m. Sjur Steinsen Bjotveit f. 1726 d. frå Åsgrenda. Dei flytte til Helvik i Kvinnherad.

----

70.18.5. Thomas Johannesen Galtung

f. ca. 1722 d. 1795, g.1) m. Anna Toresdt f. ca. 1728 d. 1778;
g. 2) 1779 m. Janike Katrine Danielsdt Tancke f. ca. 1712 d. 1783, dotter til Daniel østensen Fosen og kona Anna Matisdt Tancke. Janike hadde først vore gift med Askild Paulsen Håstø og deretter med Johannes Nilsen Litlasund, Skåre.
g. 3) 1786 m. Berta Johannesdt Håland.
Thomas var los som faren og åtte 1/3 av Feøy frå 1752 då han tok over 8 spann korn frå Olav Sæbø ved makeskifte. Som odelsgut rekna han nok med å overta heile Feøy då faren døydde. men då vart det arvestrid som enda i retten. Foreldra sine 2/3 av garden hadde vorte seld til ein framand ved offentleg auksjon. Thomas laut ta dette att ved odel, og det vart ein urimeleg dyr handel. Han måtte betala 274 rd. 2 ort og 16 skilling, men då åtte han heile garden.
      Hausten 1765 vart Thomas stemna av Matias Snik for 5 rd. Thomas sa at han stod ved lovnaden sin om å betala dei 5 rd for å gi beite til 5 geitebukkar i 4 år, eller 8 bukkar i 2 år i Bjørkeværøyane, slik dei hadde vorte samde om. At Matias ikkje nytta seg av avtalen, kunne ikkje han hjelpa for. Saka vart utsett. Bjørkevær høyrde til Feøy.
      5. august same år kom det klage til styresmaktene frå Thoams Galtung om invasjon av vånd (jordrotte). Liknande klage kom og frå Røvær "angående den store skade og duin som oss udi vores lovlige næring årlig års tilføyes. Når øen som stundom skjer, findes hjemsøkt av en rar sort af havet opsvømmende firføddes udyr af størrelse som en rotte, og her i Norge kaldes Vond hvilke ei alene fortærer kornet på ageren, men også opskjærer og udhuler jorden til gårdens megen fortred og skade hvorfor vi og til største delen må kjøbe vores hele årsføde af korn og andre varer.                                                                                                                                                                                                                                             
      I 1767 let Thomas fredlysa Feøy med tilhøyrande holmar, Urter, Bjørkevær, Lamholmen, Sauøyne, Sørøyne, litle og store Leilendinjen, Kogeholmane og Føytongane. To år etter kravde han  nyordning med hummarfiskarane på Kartalandet. For seg sjølv krov han eit firkanta sjøstykke på 200 famnar kvar veg der ingen andre skulle få setja teiner eller koma i vegen for han. Thomas hadde nemleg ei fast grunnleige av kartabuen for fiskebuene dei hadde på Feøy. Nå fekk han ein avtale med dei om at han skulle fråfalal denne leiga og i staden nemnde sjøstykke åleine for hummarteinene sine m.m.
      I panteboka frå året 1800 les me: Feøy skylder 1 tønne torsk. Derav eier      Thomas J. Galtung etter skøyte 23/11 1752 1/3 tønne innkjøpt av Ole Johnsen Sæbø for 26 rd 16 sk og auksjonsskøyte etter enke Anna Olsdt Bugges rekvisisjon den 23/10 1764 2/3 t. torsk for 27 rd.
      Av dette har Thomas Galtung forært sonen Tore den eine halvparten etter gavebrev 1769. Ved skifte etterAnna Toresdt Feøy 1778-1781 er denne parten utlagt slik: Enkemannen Thomas Galtung og sonen Tore får kvar sin halvdel. Ved skiftet etter Thomas i 1794 er ½ tønne torsk utlagt sonedottera Anna Toresdt. Etter dette var Feøy delt i to like bruk.
- Alle borna må vera med første kona som me ikkje veit kor kom frå.
Born: 230.Tore 1752, 231. Anna Malena 1752, 232.Margrete 1755 d.å.e., 233.Margrete 257 d.å.e., 234.Johannes 1760 d. liten, 235.Margrete 1761 d. 1778, 236.Simon 1762, 237.Olav 1765 d.å.e., 238. Tomas 1767 d. 1790, 239.Henrik 1770, 240.Johanna 1773 d. før 1778, 241.Johannes 1775. (s. 270)

71.18.5. Olav Johannesen Galtung

f. ca. 1727. Me veit ikkje meir om han.

72.18.5. Elisabet Johannesdt Galtung

f. ca. 1730 d. 1769, g. 1758 m. enkjemann Ola Toresen Håvik, Karmøy, f. 1718 d. 1794, son til Tore og Elisabeth Fiskå. Ola hadde først vore g.m. Katrine Hansdt d. 1748 frå Håvik bruk 4. Han fekk altså garden med første kona. Men Katrine hadde først vore trulova med Bård Pedersen Bygnes. Ola dreiv bruket på  9 spann korn saman med konene sine til ei dotter og mannen hennar tok over i 1785. Ola hadde 18 born med dei to konene sine, men ikkje alle levde opp. (Av.I s. 407)
Born med andre kona: 245.Anna Katrine f. 1751 d.liten, 246.Osmund f. 1752, 247.Katrine f. 1754, 248.Anna Margrete f. 1756 d.s.å., 249.Barbro 1757 d.å.e., 250.Johannes Galtung 1759, 251.Anna 1760, 252.Tore 1762 d.s.å., 253.Elisabet 1762 d.s.å., 254.Tore 1763 d. liten, 255.Ola 1767, 256.dødfødd son 1769, 257. dødfødd son 1769.

73.18.5. Maren Bugge Johannesdt Galtung

f. ca. 1738 d. 1817, g. 1) 1757 m. Hans Hansen Rossabø f.
g. 2) m. Ommund Ellingsen Grønhaug f.



74.18.5. Anna Johannesdt Galtung

f. 1741 d. 1820, g. 1762 m. Johannes Larsen Øvrabø f. 1739 d. 1782. Han er son til Lars Jonsen Storasund og kona Siri Johannesdt. Johannes var skysskaffar og budde på Øvrabø bruk 6. Anna budde som enkje på Øvrabø i 1801, men flytte seinare til dottera på Vikse. Ved skiftet etter Johannes levde kona og 5 born. Han åtte 2 ½ spann korn i Heskja i Tysvær, og ved skiftet var det 55 rd 10 skilling i formue. Året etter at mannen døydde - i 1783 - miste Annahus, innbu og eldhus i ein storbrann på Øvrabø. (s. 627)
Born: 260.Johannes Galtung 1763, 261.Lars 1766 d.s.å., 262.Siri 1767, 263.Lars 1771, 264.Jon 1774, 265.Anna 1778 d.s.å., 266.Anna Lisbet 1779.

75.18.5. Mette Kristina Johannesdt Galtung

f. ca. 1764 d. , g. 1765 m. Ådne Helgesen Nordvik frå Utsira. Dei budde ei tid i Kopervik og åtte hus på nordsida av Vågen på garden Austrei. I 1769 selde dei husa til smed Josef Olsen.


76.18.5. Berta Kristina Johannesdt Galtung

f. ca. 1747 d. 1780, g. 1770 m. Peder Pedersen Stangaland f. 1739 d. 1811. han er son til Peder og Eli Stangaland, Karmøy. Han gifte seg om att i 1781 med Ingeborg Oddsdt Øvrabø. Berta Kristina og Peder budde på Stangaland bruk 30. I 1754 hadde søster og svoger til Peder tatt over farsgarden på Stangaland, bruk 15. Den andre halvparten på 21 spann korn sat mora med til 1763. I 1764 fekk Peder bygsla det. I 1802 kunne dei fø 2 hestar, 8 kyr, 2 ungnaut og 10 sauer. Då kunne dei så  5 tønner og hausta 30 tønner korn. Sonen Elias tok over i 1813, og då var Peder sjølveigar. I 1801 hadde han fått auksjonsskøyte for 570 rd av løytnant Vallentinsen. (s. 2769-70)
Born: 280.Anna Elisabet f. 1771 d. 1780, 281.Peder f. 1773 d. 1794, 282.Elen Kirstine f. 1776 d. 1811, 283.Malene f. 1779.

80.30.5. Ingeborg Nilsdt Asmarvik

f. 1711 d.  , g. 1736 m. Knut Bjørnsen Lilledal f. 1704 på Ertenstein d. 1755. Han var son til Bjørn Knutsen Ertenstein f. 1660 på Reianes, g. 2. gang m. Barbro Ellefsdt Ask. Dei budde i Lilledal i Hauske sokn. ?
Born: 290.Bjørn, 291.Nils, 292.Tomas, 293.Knut, 294.Jon.

81.30.5. Jon Nilsen Asmarvik

f. 1717 d.s.å.

82. Anna Nilsdt Asmarvik

f. 1720 d. 1792 på Vik, g. 1746 m. enkjemann Bjørn Larsen Vik f. 1698. Sjå ovafor nr. 34.

83. Hans Nilsen Asmarvik

f. 1725 d. 1783 i Asmervik, g. 1750 m. Marit Knutsdt Helland f. 1730 d. 1800. Ho er dotter til Knut Olsen Helland f. på Lund i Sjernarøy 1707 gm Marta Eliasdt Helland

84.31.5. Ingeborg Einarsdt Håvarstein




85.31.5. Anna Einarsdt Håvarstein



86.31.5. Jon Einarsen Håvarstein




87.31.5. Samuel Einarsen Håvarstein




88.31.5. Lisbeth Einarsdt Håvarstein




89.31.5. Siri Einarsdt Håvarstein




90.32.5. Marta Bjørnsdt Austbø

f. 1719


91.32.5. Ingeborg Bjørnsdt Austbø

f. 1720



92.32.5. Nils Bjørnsen Austbø

f. 1723


93.32.5. Jon Bjørnsen Austbø

f. 1727



94.32.5. Tomas Bjørnsen Austbø

f. 1729




95.33.5. Erik Larsen Austbø

f.



96.33.5.Ingeborg Larsdt Austbø




97.33.5. Elisabeth Larsdt Austbø




98.33.5. n.n.

d. ung.




100.34.5. Gunhild Bjørnsdt Vik

f. 1748



101.34.5.  Lars Bjørnsen Vik

f. 1751



105.35.5. Lars Larsen Bru

f.



106.35.5. Mette Larsdt Bru





107.35.5. Berit Larsdt Bru




108.35.5. Truls Larsen Bru





109.35.5. Tomas Larsen Bru





110.35.5. Anna Larsdt Bru




111.35.5. Ingeborg Larsdt Bru





112.35.5. Ole Larsen Bru




115.36.5. Mette Tomasdt Bru





116.36.5. Lars Tomasen Bru




117.36.5. Berta Tomasdt. Bru




118.36.5. Truls Tomasen Bru





119.36.5. Tomas Tomasen Bru





120.36.5. Ole Tomasen Bru





125.37.5. Lars Jørgensen Sørbø




126.37.5. Malena Jørgensdt Sørbø




127.37.5. Jørgen Jørgensen Sørbø




128.37.5. Mette Jørgensdt Sørbø





129. Tomas Jørgensen Sørbø





130.38.5. Malene Jakobsdt Vaula




131.38.5. Mette Jakobsdt Vaula





132.38.5. Jørgen Jakobsen Vaula





133.38.5. Lars Jakobsen Vaula





134.38.5. Vibekke Jakobsdt Vaula





135.38.5. Daniel Jakobsen Vaula





136.39.5. Reidar Reiarsen Berge





137.39.5. Malene Reiarsdt Berge





138.39.5. Mette Reiarsdt Berge





139.39.5. Lisbeth Reiarsdt Berge





140.39.5. Anna Reiarsdt Berge




145.40.5. Berte Mortensdt Voll




146.40.5. Mette Mortensdt Voll





147.40.5. Anders Mortensen Voll d.e.




148.40.5. Lars Mortensen Voll





149.40.5. Berit Mortensdt Voll




150.40.5. Anders Mortensen Voll d.y.





151.40.5. Anna Mortensdt Voll





155.41.5. Daniel Danielsen Lunde






156.41.5. Lars Danielsen Lunde




157.41.5. Mette Danielsdt Lunde





158.41.5. Vibekke Danielsdt Lunde.



------------


6. Generasjon



160.50.6. Lars Klausen Brekke Torvestad

f. 1752 d. 1799 g, 1776 m Siri Knutsdt Myklebust f. 1751 d. 1839, dotter til lensm. Knut Larsen Myklebust og kona Ingeborg Pedersdt frå Bygnes. Ved skiftet etter faren fekk Lars halve garden på 21 spann korn.
Born:  Klaus f/d 1778,  Knut f. 1779,  Klaus Wegner f. 1783 (s. 196).

161.50.6. Sofie Klausdt Brekke Torvestad

f. 1754 d. 1821 g 1) 1779 m. Osmund Pedersen Østhus, Avaldsnes f. 1746 d. 1799, son til Peder Osmundsen Østhus og Malene Eriksdt frå Vatnem i Tysvær; Dei budde på bruk 1 på Østhus, og då Osmund var død, gifte ho seg om att med Kristoffer som tok over garden. Avaldsnes II s. 438.
Born: Malene 1780-82. Klaus Wegner f/d 1781. Klaus Wegner f. 1783. Erik f/d 1784. Peder f. 1786. Malene d/d 1789. Dødfødd dotter 1791. Lars 1794-95. Truls f/d 1798.
g 2) 1801 m Kristoffer Olsen Våga, Fosen f. 1771 d. 1848, son til Ola Kristoffersen Våga og andre akona Marta Knutsdt frå Tjoland.
Sofie og sønene Klaus og Peder kom attende til Torvastad og tok over bruk 13.

162.50.6. Klaus Klausen Brekke

f. 1756 d. 1836 g. 1780 m enkje Astrid Jakobsdt Myklebust f. 1751 d. 1833, dotter til Jakob Toresen og Siri Hansdt Håvik. Klaus og Astrid hadde ikkje born. Han fekk skøyte 1757, 1766. I 1802 brukte han  21 spann korn jord verd 200 rd. Han kunne så 8 ½ tønne korn og hausta 46 tønner. han kunne fø 8 kyr, 2 hestar og 2 ungdyr på garden. I 1806 fekk Klaus og Astrid folgebrev.











[1] Lars Ramndal i Æ&H 1968 s. 30.
[2] Æ&H 1955 s. 148.
[3] Bjørn og Anna var altså ikkje søskenborn, som H. Vetrhus skriv i Æ&H 1955 s. 150.

Karmøy

Karmøy er ei øy! Mellom øya og fastlandet ligg Karmsundet - skipsleia nordover. I Karmøy-songen av Nils Aarøy heiter det i opninga:
.
Stor og rik med grøne grender,
traust mot havet du deg vender,
Karmøy med di sterke strand.
Boknefjorden slær om skute,
Sirafjorden lengst derute
bryt med brenning yver land.
Og i nord um ytste Gavlen
Sletta skummer kvit i skavlen.
Men der inne skvulpar Karmsund linnt um land.
.
Og om vinteren 1944 sat Sigurd Jakobsen i tysk fangenskap i Dreibergen, Mecklenburg og skreiv om Havøya:
.
Vester i havet, i brim og brann,
ligg øya som hugen fengjer.
Havbåra slær mot den gråe strand -
måkar på snøkvite vengjer.
---
Når eg i verda så vide fer
og ser det dei tykkjer er gjævast,
då kjenner hjarta kor sant det er:
heime åleine kan levast!
Aldri var himilkvelven så blå,
ingenstad var slik eit hav å sjå,
og aldri så fagre møyar!
Nei, kor eg fer, så er hugen fest
til steinute, stormslitne øyar!
.
Og den delen av den stormslitne øya me skal sjå mest på i starten, er sjølve nordspissen, Torvastad. Me må koma ned på den einskilde stein og jordlapp for å sjå og skjøna.Og møta litt av folket som budde her og framleis går over dette landet. (Begge dikta er her tekne frå boka: "Karmøy landfast 1955".

Me må seia det kort og kjapt: Karmøy er ei saga-øy med trådar langt attende i tida. Det har gått folk her lenge før det var skrive ned. Ein har funne mange ting i jorda, og framleis grev på etter meir. Me har segner om namngjetne folk, og me skal ikkje le av og kritisera det. Det er truleg ein kjerne av sanning i det dei sa i gamal tid, sjølv om detaljar og adjektiv kan vera dikt.

Kva finn me her på nordspissen av øya. Det må me sjå litt meir på.